Før du set ut på vatnet:
Utstyr:
- Det er viktig å bruke redningsvest.
- Ha gode klede (ull og gode regnklede, pga. kjølig vind og vatn).
- Førstehjelpsskrin (dersom det skulle skje eit uhell).
- Svamp (dersom det skulle komme vatn opp i kanoen).
På vatnet:
Ombord- og ilandstigning:

Når ein skal opp i kanoen er det viktig at den eine held kanoen i ro, medan den andre går forsiktig oppi. Det er lurt å gå ned på huk og ta den eine foten oppi, og deretter den andre. Aldri gå opp i kanoen oppreist! Det endar opp med at ein mistar balansen og mest sannsynleg dett uti.
Sitjestilling:
Dei fleste kanoar er laga med sete til å sitje på, men ein får ein mykje betre padlestilling når ein står på knea og kvilar baken mot setet. Det er betre for ryggen, og du får større rekkjevidde og gunstigare vilkår for å bruke dei store muskelgruppene i buk, hofte og rygg. Denne sitjestillinga blir kalla trapperstillinga. Det er den beste stillinga dersom ein padlar i sterk motvind, i ei elv eller i høge bølgjer.
Grep om åra:

Tak og manøvrar:
Nokre manøvrar på flatt vatn:
- Framdrift (kanoen driv framover).
- Styre kanoen under framdrift (halde rett kurs, osv).
- Bremse og stoppe framdrift (padle bakover).
- Støtte og stabilisere (båten ikkje velter).
- Svinge kanoen (svinge til begge sider).
- Sideflytte kanoen (flytte til begge sider).
Drivtak:
- Set åra vertikalt i vatnet så langt fram som mogleg utan at du lener deg særleg framover.
- Vri eller roter i staden overkroppen og trekk åra bakover med overkroppen og nesten rette armar.
- Avslutt taket når bladet er i høgd med hofta, ved at du lyftar ho ut av vatnet. Kanten av årebladet skal "skjerast" ut av vatnet. Før åra flatt framover medan ho ligg parallelt med vatnet. Tenk på luftmotstanden. Armane skal vere strake og henge ned, og skuldrane skal vere senka slik at du får kvilt musklane i denne sekvensen.
- Set åra i vatnet igjen og gjer sekvensen på nytt.
Bremsetak:
Bremsetaket skal innleiast som eit vanleg drivtak. Når årebladet er i høgd med hofta og ein vanlegvis lyftar åra ut av vatnet, roterar ein åra ei kvart omdreiing (90 grader), slik at det som har vore trykksida (den flate sida av bladet som blir pressa eller trykt mot vatnet) på åra, no vender inn mot båtsida og ned bak padlaren. Åra ligg då som eit ror med heile årebladet i vatnet. Ein brukar dette taket for å stabilisere kursen.
J-tak:

Sikkerheit
Det er viktig og padle nær land og følgje strandlinja. Dersom kanoen skulle velte er det berre å svømme nokon meter til land. Dersom ein padlar langt i frå land, er det ofte djupt, mykje bølgjer, og vanskeleg å få tak i hjelp. Når ei gruppe er på tur og padlar med mange kanoar, er det nødvendig å halde kontakt med kvarandre. Det er viktig at to kanoar er saman på grunn av tryggleiken (kameratbåt) og padlar nærme kvarandre dersom den eine skulle velte. NB: Alltid bruk redningsvest, det kan redde liv.
Tidsplan
Når ein skal planleggje kor lang tid kanoturen tar reknar ein med at ein har ein marsjfart på rundt 4 km/t på flatt vatn. Dette vil sjølvsagt variere etter korleis været er og vindretninga. TD: me var på ein padletur frå Helgheim til Haglin i Sogndal. Me fant ut at turen var på ca. 1,2 km. Ut i frå dette fant me ut at me ville bruke rundt 15 min. Tida me brukte på kanoturen var 30 min frå Helgheim til Haglin og 20 min på tilbakevegen. Årsaka til at me brukte lenger tid enn planlagt, var at det var ein del bølgjer og vind.
Kameratredning:
Dersom ein kano skulle velte langt vekke i frå land, er den beste måten å få snudd kanoen igjen på og drive kameratredning. Tidlegare i innlegget fortalte eg om at to og to kanoar skulle padle nærme kvarandre og vere kameratbåtar. Om den eine kanoen skulle velte så skal dei to i vatnet symje til kvar sin stemn, og kameratbåten skal legge seg vinkelrett på båten som har kantra. Deretter skal dei to uti vatnet trykke den eine stemnen ned, slik at den kantra kanoen kjem oppi kameratbåten. Så skal ein dra kanoen inn over kameratbåten og snu han. Medan den kantra kanoen blir snudd, kan dei to i vatnet holde seg fast på kvar si side av kameratbåten og slappe av, slik at dei ikkje bruker opp unødvendige krefter. Det er viktig at ein får ut det meste av vatnet før ein sett kanoen ut igjen på den same sida. Medan padlarane støttar og stabiliserer den tomme kanoen, kan dei to i vatnet entre båten, men berre ein om gangen. Det gjer dei ved å kome inn mellom båtane og dra seg opp med grep om ripene på begge kanoane. Det er lurt å ta først den eine foten oppi og deretter den andre.
Erfaringar og ny kunnskap som eg har fått:
- Bruk alltid redningsvest.
- Ha på deg gode klede og ta med klesskifte.
- Hugs å vere forsiktig når du går opp i kanoen.
- Turen kan ta lenger tid enn planlagt (pga. bølgjer, vind, osv).
- Sikkerheit er det viktigaste (padl saman med andre-kameratbåt).
- Følg strandlinja (ver nærme land).
- Det er best å sitje på kne istedenfor setet når ein padlar.
- Ikkje stå oppreist i kanoen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar