Før me reiste fant me ut at turen til stor øyna ville vere på ca. 3 km. Dette ville me bruke ca. 1 time på. Me måtte og legge til nokon pauser i timeplanen i tillegg til ekstra tid på grunn av vind og straum. Ut i frå dette fant me ut at me ville bruke ca. 1,5 timar til stor øyna. Me padla frå Helgheim til Loftesnesbrua og deretter padla me langs land heilt til stor øyna (lilla strek). Tidsplanen som me hadde laga passa veldig bra.
Rundt klokka 2, etter lunsj, hadde me planlagt på førehand at me skulle padle med kanoen til Saurane (oransje strek). Me fant ut at det cirka var 2,67 km til Saurane, dette ville me cirka bruke 45 min på. På tilbaketuren ville me bruke lenger tid på grunn av motvind og mykje bølger.
Når me kom fram til Saurane drog me kanoene opp på land og begynte å gå opp mot Dal. Før turen hadde me planlagt og gå heilt opp til Dal. Det var ca. 1,5 km og 400 hm opp. Dette ville me bruke ca. 1,5 t på. Me fulgte stien opp til Sagelvi og stoppa med brua. Der bestemte me oss for at me ikkje ville gå lenger, og snudde derfor og gjekk same vegen tilbake. Me brukte cirka 30 min på turen opp.
Ferdselmønster i kano:
Det er ofte mindre vind og bølger nærmare land, derfor er det viktig å padle nærme land. Det er viktig at gruppa held seg samla og padler i eit tempo som alle kan følge. Ein bør prøve å unngå opne områder på vatnet TD: å krysse fjorden. Der er det ofte meir bølger og vind, og større fare for å velte. Visst ein skal ha med bagasje er det viktig å tenkje på at det må vere likevekt i kanoen. Padletak som eg brukte på turen var drivtak, bremsetak og j-tak. Vind, bølger og straum gjer til at kanoen fort endrar retning. Det er derfor viktig å vurdere kor ein bør padle og eventuelt om ein ikkje burde vere ute på vatnet med kanoen.
Erfaringer som eg fekk på turen:
- Det er viktig å padle nærme land og kameratkanoen.
- Planlegg stopp på turen der ein skal samle gruppa.
- Følg med på værendringar (vind, regn, osv).
- Personen som sitter fremst er motoren, den som sit bak styrer.
- Bølger, straum og vind endrar retninga på kanoen.
- Vanskelegare å navigere med kart og kompass .