Ein snøhole er fint nødly om uhellet skulle vere ute, og under trygge forhold kan ein overnatting i snøhole vere utruleg koseleg. I dette blogginnlegget skal eg fortelle om bygginga og konstruksjonen av ei snøhole.
Snøholer blir ofte bygd på lesida av markerte knausar og ryggar, dette er fordi det er ofte skavlar der. Det er viktig at dersom det er brattare enn 30 grader, skal høgda ikkje vere over 5-6 meter, fordi det kan utgjere skredfare!
Her er inngangen etter at me har mura den ned med snøblokker. Snøblokkene gjorde til at opninga kom under nivået til brisken. Dette blir kalla ein varmluftlås |
Når ein har fått unnagjort om lag tre firedelar av volumet som skal gravast ut, bruker ein resten av det ein grev ut, til å tette igjen den vetle inngangen til brisken. Sidan inngangen til snøhola er sopass høg og ligger ca. 0,75 meter under høgda på brisken, kan den brukast som ein kuldegrop. Kuldegropa gjer til at ein får ein temperatur på rundt 0 grader i hola, medan kulda synk ned i kuldegropa (her blir det fleire minusgrader).
Dette er hola me sov i (brisken) |
Når hola er heilt ferdig og utstyret er tatt inn, er det siste ein må gjere å mure ned inngangen med snøblokker slik at opninga kjem under nivået til brisken (varmluftlås). Dersom ein har problem med å lage store nok blokker eller treng ein slags berebjelke for den underste blokka, kan ein bruke eit par ski som støytte. NB: Det er viktig å ha med spadar og liknande inn i hola, for ute kan dei fort bli borte om det bles eller snør. Dersom inngangen skulle rase saman, har ein også noko å grave seg ut med.
Erfaringar og gode tips som eg lærte på turen:
- Ver nøye med taket (kuppelform), slik at det ikkje synk.
- Pass på at ein ikkje grev snøhola der det er skredfare.
- Snøen må vere djup nok og fast nok (ikkje for fast).
- Skjekk med skredsøkjestang eller noko liknande at det ikkje er hindringar (stein, osv).
- Prøv å ikkje bli sveitt (ha med byteklede i tilfelle).
- Taket skal vere jamnt, ujamnheitar og kantar må fjernast, elles kan det begynne å drype.
- Det blir ikkje kaldt i snøhola dersom ein lagar ei kuldegrop og varmluftlås.
- Ha god nok plass å sove på.
- Et litt undervegs slik at ein ikkje går tom for energi.
Opplevinga mi frå turen er at det er kjempe kjekt å sove i snøhole. Eg sit igjen med mange nye kunnskapar og erfaringar. Dersom eg får tilbodet om å sove i snøhole igjen, så gjer eg det. Det var ein fantastisk og opplevelsesrik tur.