tirsdag 24. mars 2015

Snøhole (bygging og konstruksjon)


Ein snøhole er fint nødly om uhellet skulle vere ute, og under trygge forhold kan ein overnatting i snøhole vere utruleg koseleg. I dette blogginnlegget skal eg fortelle om bygginga og konstruksjonen av ei snøhole.

Når ein skal byggje ei snøhole er det første ein må gjere å finne ei tomt. Det er viktig at snøen er djup nok og fast nok, og det må vere mogleg å skjere han ut i blokker. Samtidig må han ikkje vere for fast, for fast snø gjer gravinga tyngre og meir tidskrevjande. Ein må og måle snødjupna og teste kor hardt snødekket er, med ei skredsøkjestong eller liknande, før ein byrjar å grave. Dette gjer ein for å unngå at ein plutseleg møter stein eller andre hindringar og må grave på nytt ein annan plass. Ein bør unngå område der det kan vere fare for snøskred.

Snøholer blir ofte bygd på lesida av markerte knausar og ryggar, dette er fordi det er ofte skavlar der. Det er viktig at dersom det er brattare enn 30 grader, skal høgda ikkje vere over 5-6 meter, fordi det kan utgjere skredfare!


Her er inngangen etter at me har mura den ned med snøblokker.
Snøblokkene gjorde til at opninga kom under nivået til brisken.
Dette blir kalla ein varmluftlås
Snøhola sitt tak skal vere 0,5 meter frå toppen av skavlen- det må altså vere 0,5 meter med fast snø til taket. Det er lurt å markere kor ein skal lage inngangane og finne ut kor brisken skal vere og kor høg den skal vere (brisknivået skal ligge omtrent midtpå opninga). Ein grev ein eller to inngangar. Me gravde to inngangar, der me seinare tetta igjen den minste, for at det skulle gå fortare med gravinga. Inngangen til hola skal vere stor nok til at ein klarer å stå oppreist, det gjer at det blir lettare å grave. Den skal vere litt breiare enn skulderbreidda, og tjukna på taket og veggane skal vere ca. 0,5 meter. Det skal vere ca. 1 meter mellom dei to inngangane. Inngangen til brisken, som skal tettast, skal vere mindre enn inngangen. Brisken må vere stor nok til at alle som skal sove der får plass, og høg nok til at ein kan sitte utan at ein kjem oppi taket med hovudet. Det må også vere så høgt at taket blir godt krumma. Når ein er komen eit par meter inn startar ein og grave mot kvarandre til ein møtast. Det er viktig å tenkje heile tida på at veggane skal skråaast i ein boge og gå over i taket, slik at det blir dobbeltkrumma og får kuppelform. Det er viktig å få ein kuppelform på taket for å fordele vekta. Dersom me hadde hatt eit flatt tak ville det mest sannsynleg ha sunke. Taket skal vere jamnt og alle skarpe kantar og større ujamnheitar må fjernast, elles kan det begynne å dryppe.

Når ein har fått unnagjort om lag tre firedelar av volumet som skal gravast ut, bruker ein resten av det ein grev ut, til å tette igjen den vetle inngangen til brisken. Sidan inngangen til snøhola er sopass høg og ligger ca. 0,75 meter under høgda på brisken, kan den brukast som ein kuldegrop. Kuldegropa gjer til at ein får ein temperatur på rundt 0 grader i hola, medan kulda synk ned i kuldegropa (her blir det fleire minusgrader).

Dette er hola me sov i (brisken)

Når hola er heilt ferdig og utstyret er tatt inn, er det siste ein må gjere å mure ned inngangen med snøblokker slik at opninga kjem under nivået til brisken (varmluftlås). Dersom ein har problem med å lage store nok blokker eller treng ein slags berebjelke for den underste blokka, kan ein bruke eit par ski som støytte. NB: Det er viktig å ha med spadar og liknande inn i hola, for ute kan dei fort bli borte om det bles eller snør. Dersom inngangen skulle rase saman, har ein også noko å grave seg ut med.

Erfaringar og gode tips som eg lærte på turen:

- Ver nøye med taket (kuppelform), slik at det ikkje synk.
- Pass på at ein ikkje grev snøhola der det er skredfare.
- Snøen må vere djup nok og fast nok (ikkje for fast).
- Skjekk med skredsøkjestang eller noko liknande at det ikkje er hindringar (stein, osv).
- Prøv å ikkje bli sveitt (ha med byteklede i tilfelle).
- Taket skal vere jamnt, ujamnheitar og kantar må fjernast, elles kan det begynne å drype.
- Det blir ikkje kaldt i snøhola dersom ein lagar ei kuldegrop og varmluftlås.
- Ha god nok plass å sove på. 
- Et litt undervegs slik at ein ikkje går tom for energi.

Opplevinga mi frå turen er at det er kjempe kjekt å sove i snøhole. Eg sit igjen med mange nye kunnskapar og erfaringar. Dersom eg får tilbodet om å sove i snøhole igjen, så gjer eg det. Det var ein fantastisk og opplevelsesrik tur.





søndag 22. februar 2015

Fjellskitur mot Reppanipa


På Tysdag den 10. Februar reiste eg og friluftsliv klassen min på skitur til Hodlekve. På førehand hadde me planlagt turen, laga pakkeliste og lært oss korleis me kunne gjenkjenne eit skredterreng. Når ein skal på skitur i vinterfjellet er det mykje meir ein må tenke på enn når ein går ein fjelltur om sommaren. Nokre årsakar til dette er at været om vinteren varierar mykje meir. Den eine dagen kan det vere sol og god temperatur, medan andre dagar kan det vere skodde, nedbør, mørke (korte dagar) og snøføyke som kan nedsette sikta.

Kompass og kart er nødvendig utstyr på alle vinterturar. Det er alltid viktig å ha kontroll på og bruke himmelretningane når ein beveger seg i vinterfjellet og ta ut kompasskurs. Ein må hugse på at om vinteren har kartet større svakheitar enn på sommaren, hausten og våren. Mikroterreng, stiar, myrer, nokre vegar og små vatn forsvinn lett på grunn av snøen. Ein får derfor større vanskelegheitar med å orientere seg. Når ein skal orientere seg med eit kart om vinteren er det derfor lurt å sjå etter kartteikn og ledelinjer som brøytt veg, jernbane, kraftlinjer, bygningar, skitrekk og dei store formene i landskapet som fjelltoppar, stup, fjellveggar og dalar.

Det er viktig å finne ut før turen om kva vær det er meldt, vindretninga og om det er skredfare. Som eg nemnte tidlegare varierar været mykje om vinteren. Det er derfor viktigt å finne ut kva vær det er meldt og ut i frå det, finne ut kva slags klede ein må bruke og ha med seg. Vindretninga er og viktig å finne ut av. Ein vil helst unngå å måtte gå mot vinden, når ein er på tur kan ein finne ut kor vinden kjem frå dersom ein finn ein skavle. Store skavlar ligg alltid frå vinden, medan ørsmå skavlar ligg mot vinden.

Stor skavle
Små skavler









Det er viktig å kunne gjenkjenne eit skredterreng for å unngå unødvendige farer. Terreng som er brattare enn 30 grader og der henget er høgare enn 5 meter utgjer ein skredfare. Det er viktig å gå tre gongar så langt vekk frå terrenget som høgda på henget er.

Vegvalga under turplanlegginga børr bygge på at ein skal unngå terreng som utgjer skredfare, unngå tydelige terrengfeller som synast på kartet som dalsøkk og stup under heng, unngå regulerte vatn på grunn av moglegheita for ope rom mellom is og vatn, og unngå opne bekkar og vinterdekte brear dersom det er mogleg.

Me hadde to mål for turen: å få teste utstyret og finne ut om det virka, og lære korleis me skal bevege oss i vinterfjellet. Når me planlagte turen lagde me ein plan A, ein plan B og ein kriseplan. Plan A var å gå opp til Reipa, deretter skulle me følge Skavassgrovi og bevege oss oppover mot Skavasshaugane og returnere same vegen. Plan B var å gå opp mot Reipa, følge stien opp mot Rysete,  og evt opp mot Skavasshaugane. Kriseplanen var at dersom de skulle skje noko, så skulle me retunere tilbake på eit gunstig tidspunkt.

Avreise var kl 12.00 utanfor hovudinngangen til Sogndal vgs. Det me skulle ha med oss var: ski, stavar, feller, hue, vottar, ullklede, dagstursekk, solbriller, mat og drikke, kart og kompass, førstehjelpsutstyr, spade, sitteunderlag og bytteklede. Når alle var klare til å reise kjøyrte me opp til Hodlekve skisenter og parkerte bussen på parkeringsplassen i Rindabotn. Me tok fellene på skia og fekk utdelt kompass og spade. På førehand hadde me blitt delt inn i grupper. Kvar gruppe hadde ansvaret for å få oss frå ein plass til ein anna. Været den dagen var surt. Det regna og var kjølig vind, men ellers ganske mild temperatur. I Rindabotn var det nesten ikkje vind, men med ein gong me begynte å gå høgare oppover kom vinden. Sidan me sjekka værmeldinga dagen før me reiste, var me klare over at det ikkje skulle bli det beste været. Eg hadde derfor tatt på meg klede som skulle tåle både vatn og vind. I sekken hadde eg i tillegg med bytteklede og noko varmt å drikke.


Når me planlagte vegen me skulle gå, såg me på høgdekurva til terrenget. Dette gjorde me for å unngå område med skredfare og stup eller andre terrengfeller. Når me hadde kommt halvveges på turen tok lærarane over styringa. Dette var fordi dei ville at me skulle sjå korleis ein skavle såg ut og vise oss nokon av terrengfellene me kan møte på ein ein tur i vinterfjellet slik at me kan gjenkjenne dei på neste tur. 

Det positive med turen var at eg hadde nok med klede, eg frøys ikkje, med unnatak av når me stoppa for å samle gruppa. Det var ein utruleg kjekk tur der eg lærte mykje meir om vinterfriluftsliv. Planleggjinga me hadde gjort i førekant var ganske bra. Me gjorde litt endringar i vegvalga undervegs på grunn av uføresette hendingar. Det var to lærarar med på turen, men på grunn av sjukdom blant ein elev måtte den eine læraren returnere tilbake til bussen saman med eleven, medan resten av gruppa fortsatte. Det skjedde eit uhell på turen der den eine på gruppa tryna og begynte å blø nase blod. Eleven kom seg heldigvis unna med ingen skader og me kunne derfor fortsette turen som planlagt. Det tok litt lenger tid å komme seg ned på grunn av at det var mange som brukte vanlege langrennski, men me kom oss ned til planlagt tidspunkt. 

Dei erfaringane eg fekk på denne turen, som eg må gjere betre på neste tur, er at eg må få meg nye skisko. Dei var altfor store og eg fekk derfor gnagsår på begge helane, noko som fort kan øydeleggje turen. Eg må ta plastikk rundt kartet eller ha det i ein mappe dersom det regner på turen, slik at det ikkje blir øydelagt. Det er  veldig viktig å ha god tid, dersom uføresette hendingar skulle oppstå. 
Her kan du sjå kor me gjekk



torsdag 18. desember 2014

Fornuftig mat på tur


Når du er på tur, er det viktig å få i seg nok med drikke og mat. Dess meir muskelarbeid me driv, dess meir er energibehovet. Dette behovet dekkjer me med å forbrenne karbohydrat, protein, feitt, vatn og mineral som er i den maten me et, og som blir omgjorde til energi som musklane kan bruke. Behovet for energi varierar frå person til person avhengig av alder, kjønn, kroppsstorleik og fysisk form. På ein stillesitjande kvardag treng dei fleste ikkje meir enn ca. 2000 kcal for å vere i energibalanse, medan me på tur kan trenge 3000-5000 kcal. I kvardagen bør inntaket av mat innehalde ca. 55% karbohydrat, 30% feitt og 15% protein. På tur kan me godt auke mengda av karbohydrat for å sikre nivået på blodsukker og glykogen. På tur er det viktigast at me et karbohydrat som blir sakte omsette (komplekse). Det er for eksempel grovt brød, kornprodukt, havregryn, ris, pasta, poteter, osv. Det er også viktig å få i seg mykje væske. Me gir frå oss ein del væske i form av fordamping frå huda, i tillegg til gjennom pusten. Når me er aktive, forsvinn det også ein del væske som sveitte. På lengre turar bør me helst drikke meir enn to liter væske i døgnet, og då bør me drikke noko som ikkje er vassdrivande, som urtete, kakao, fruktte, buljong og fruktsupper.

Kva slags mat som er lurt å ha med på tur er avhengig av kva type tur me skal på, lengda på turen og årstida. Dersom ein skal på fottur i fjellet, er det grenser for kva me har plass til i sekken og orkar å bere: lite vekt, lite volum. Årstida spelar også ei rolle. I frostvær må me tenkje på at maten frys, og i varmen må me tenkje på at maten skal halde seg. Maten til turar i vinterfjellet stiller dei største krava til oss. Her må me tenkje på at han skal oppfylle fleire krav samtidig: Han skal gi varme, må ikkje fryse, vere lett, fylle lite og gi mykje energi.

Frukost:
Til frukost er det lurt å ete havregraut eller frukostblanding. Havregraut ha nokon klare fordeler som turfrukost. Råvarane er lette og rike på karbohydratar, ein får i seg mykje væske og ein varm frukost er i mange tilfeller ein behageleg start på turdagen. 

                              Havregraut (8 personar):
                    4 store koppar havregryn
                      8 store koppar vatn
                        Eventuelt litt salt
Kok havregryn og vatn opp og la det koke i 2-4 minut. Deretter smaker du grauten til med salt. Du kan gjere grauten spennande med nøtter, tørka frukt, solsikkerkjerner, smør, rosiner, sukker, osv. 

Over lengre tid kan dette bli kjedeleg. Då kan det vere eit alternativ å bruke ferdige posar med grautblanding som kun skal tilsettes vatn. Desse har ofte forskjellege smakstilsetningar, noko som gir ein variasjon i kosten. Det er også lurt å drikke noko varmt til frukosten for å få varmen i seg, etter ein kald natt.

Frukostblanding:
                                                   
250 g store havregryn
150 g cornflakes
100 g rosiner
100 g havrekli
100 g nøtter 
10 matskeier tørrmjølk
Sukker etter ønskje
Vekt ca. 700 g
Nok til 7 dagar
Lunsj:
Til lunsj kan du på korte turar om våren, sommaren og hausten velje vanleg brødmat. På turar om hausten og om vintaren kan du ikkje ha med noko som frys, og det bør vere varmt. Du kan for eksempel ha med "rett-i-koppen-posar". Dei tar ikkje så stor plass, er lette og raske å lage. Det er også lurt å ha med noko varmt å drikke.
Middag:
Middagen er det viktigaste måltider om dagen. Her er det viktig at det er varm mat, og at det er nok vomfyll, som ris, pasta, makaroni eller potetmos. Middagen skal gjerne innehalde rikelege mengder med væske.

Pitapizza med biffstrimler (4 personer):
200g biffkjøt i strimler, forhåndssteikt
8 stk. pitabrød
1 boks hakkede hermetiske tomater
med oregano og basilikum
1 stk. raudløk
1/2 pk. ruccula
100g fersk mozzarella

Slik gjer du:
  1. Bre ein til to spiseskjeer hermetiske tomater ut over kvart pitabrød.
  2. Legg på løkringar, ost og biffstrimler. Steik i panne med lokk på eit stormkjøken i ca. 10 min. 
  3. Legg salat på toppen av kvar pitapizza rett før servering.

Dessert:
                    Pinnebrød:
Det er litt søtt og lages best til dessert.
Då er glørne perfekte og brødet blir steikt
og ikkje svidd i flammene og rått inni!

       1/2 kg kveitemjøl
       1/2 pakke tørrgjær
       1 ts salt
       5ss sukker
       75g smør eller 1dl olje
       ca 2dl mjølk eller vatn

Bland først det tørre, rør deretter inn smøret og tilsett til slutt mjølka. Lag fingertjukke pølser av deigen og surr rundt ein pinne. Steik brødet over bålet og fyll med syltetøy.

                  Sjokoladefondant:
          60g mørk sjokolade
                  50 g smør
                     2 egg
              1/2 dl sukker
             1/2 dl kveitemjøl
             Melis til toppstrø
                  Damprist
Jordbær eller bringebær moset
med stavmiksar

Før du reiser:
Del opp sjokoladen i bitar slik at den smeltar raskare. Smelt smøret i ein kasserolle. Bruk svak varme og ha tolmodigheit når du smeltar smøret (vil ikkje ha brunet smør). Rør inn sjokoladebitane til dei har smelta. La det få kjøle seg ned litt før du rører inn egg og sukker slik at det ikkje blir eggerøre når du blandar dei inn. Visp egg og sukker og pisk inn den avkjølte sjokoladeblandinga. Sikt over mel og rør det forsiktig inn. Ha blandinga over i ein pose (f.eks. brødpose) som du seinare kan klippe/skjære hål i og bruke som kakesprøyte. Dersom det er fare for at den kan fryse (vinterstid) får du vurdere om du vil lage den frå botnen av når du kjem fram. Eventuelt transporter den på innsida av jakka.

På tur:
Plasser ut muffinsformane. Ved å skjære av tuppane i det eine hjørnet på posen med røra i får du ein kakesprøyte. Legg ein damprist på botnen av gryta og fyll opp med vatn til like under rista og kok opp vatnet. Når vatnet har begynt å koke plasserer du formane du har fylt med fondant røra på rista og skrur ned varmen nok til at det akkurat koker og produsera damp. Sett på lokket og sjekk klokka. Litt avhengig av kor kald røra er tar det eit sted i mellom 10 og 15 minutt. Sjokoladefondanten skal vere fast utan på med ein flytande kjerne av sjokolade inni. Dryss over med melis og server saman med ein frisk saus.






tirsdag 21. oktober 2014

Nuken


Den 16. Oktober reiste eg og friluftsliv klassen min på overnattingstur til Nuken. Før turen hadde me planlagt og laga mål for turen. Når me reiste på overnattingstur til Fjærlandssete var det i September. Det var mykje varmare, medan denne gangen skulle me bevege oss opp i haustfjellet. Me lagde oss nokon viktige reglar for turen:

- Gruppa som skulle lede måtte gå først.
- Det var viktig at me holdt oss samla og gjekk i eit jamnt tempo som alle kunne holde.
- Me skulle ikkje ta nokon sjangsar på vegne av gruppa.

Måla for turen var å lage eit vinterbål, pakke ned leiren fortare enn forrige tur, lære meir om å vere på tur i haustfjellet og det viktigaste av alt, å ha det kjekt! Det som er viktig når du skal på tur er å ha ein plan A, B og ein kriseplan.


Plan A:
Torsdag:
16.00- oppmøte
17.00- gå frå Åsen
18.00- framme
19.00- leir klar, middag i gang

Fredag:
09.00- stå opp
10.30- avreise
11.15- Nuken, lunsjpause
12.00- avreise frå Nuken
13.30- skulen
14.00- utstyr skal vere vaska og levert inn, god helg!

Ein plan B er alltid lurt å ha i tilfelle det skulle skje noko uventa. TD: dersom ein skulle skade seg eller bli sjuk. Vår plan B var at me hadde parkert ein bil nede på Åsen som me kunne nytte dersom det skulle skje noko. I tillegg lagde me ein kriseplan dersom noko meir alvorleg skulle førekomme. Det var å ringe nødnummeret, få hjelp av AMK eller eventuelt bruke plan B om det blei nødvendig. Heldigvis kunne me følge plan A. Den første dagen hadde me rekna ut på førehand at me skulle gå cirka 2km, dette ville me bruke ein time på. Den andre dagen skulle me gå 7km, på denne etappen ville me bruke litt over to timar.

Her kan sjå eit kart over kor me gjekk på Torsdag (raud strek) og Fredag (gul strek)

Frå Åsen til Halsavatnet var det gruppe 2 som skulle føre ann. Det var ingen problem med navigeringa og me kom oss trygt fram og innanfor tidsplanen vår. Medan me gjekk oppover samla me  ved og kvistar som me seinare skulle bruke til bålet. Når du kjem høgare opp er det ofte at det blir mindre vegitasjon og kjølegare slik at veden blir fuktig. Det er derfor viktig å finne undervegs, slik at du ikkje må gå rundt i mørket å leite. Når me kom opp til Halsavatnet tok gruppe 1 over, dei skulle finne leirplass. Det som var viktig for oss når me skulle finne leirplass var at det var nærme eit vatn, flatt, ikkje så fuktig og at me låg i ly for vinden. Det tok litt ekstra lang tid å finne leirplass, men det var verdt det. Me slo leir mellom Nystølshola og Rjupeskard.


Når me hadde fått opp teltet, lagde me mat. Gruppa mi lagde tomatsuppe denne gangen også, men det var utruleg godt. Etter me hadde ete opp hadde nokon allereie begynt å lage vinterbål. Det tok fyr med ein gong og ga frå seg mykje varme. Me satte oss i ring rundt bålet og grillde pølser, åt sjokolade og turmiks. Det var kaldt, så alle prøvde å sitte nærmast bålet. Desverre ga bålet frå seg så mykje varme at det begynte å ryke frå skoa og dei var på veg til å smelte. Etter at me hadde kost oss rundt bålet, fortalt samiske spøkelseshistoriar og rydda opp, gjekk me og la oss. Det var ein kald natt, det eg kan gjere betre til neste gang er å ikkje kle på meg så mykje når eg skal legge meg. Då blir det ikkje noko oksygen, som gjer til at du kan begynne å fryse.





Fredag sto me opp klokka 09.00 og lagde frukost og pakka ned teltet. Det hadde våre ein kjølig natt og me hadde fått frost på telta. Når alle var pakka og klare til å reise skulle gruppe 5, min gruppe, ta oss frå leirplassen med Halsavatnet til Nuken. Me brukte ca 40min før me nådde toppen. Der hadde me eit kort stopp før gruppe 4 skulle få oss frå Nuken til Hylsete. Stien var litt gjørmete, men elles var det ein veldig fin sti. Når me kom ned til Hylsete tok me eit stopp i ca 20min. Været var fint, men det var litt kjølig vind. Resten av turen frå Hylsete til Åberge og deretter ned til Kvåle var det gruppe 3 som skulle føre. Tempoet på gruppa auka på nedover vegen. Alle såg fram til å komme heim å ta ein dusj og få gå på ein normal do. På skulen vaska mi stormkjøkkena og ga ifrå oss utstyret som me hadde brukt. Turen var svært vellykka og tidsplanen som me hadde laga matcha veldig bra. Klokka 14.00 presis, var det helg!




tirsdag 30. september 2014

Bålbrenning


Måndag den 29. September reiste eg og friluftsliv klassen min opp til det som blir kalla "Gamma" på Rutlin i Sogndal. Me hadde to timar med friluftsliv, og skulle blant anna lære om korleis ein kan lage bål og kva slags materiale ein kan bruke. Det finst mange forskjellige måtar for korleis ein kan lage bål. Det er ikkje alltid du finn den samme vedtypen, derfor må du bruke det du finn. Det første som er lurt å finne er bjørkenever eller treflisar. Det tar lett fyr og brenn godt. Under er det lurt å ha tynn og tørr ved. Det er fordi det tek lettare fyr, enn store og tjukke vedkubbar. Heilt underst kan du ha den tjukke veden. Grunnen til at du begynner med flis, never og tynne vedkubbar er at det oftast er tørrare. Når det brenn frå toppen og nedover, blir dei neste laga under tørka og varma, og bålet får alltid tilgang på oksygen. 


Det går også ann å lage eit pyramide bål, men då er det viktig at veden og underlaget er tort, slik at det tar lett fyr. Det var to studentar som kom frå høgskulen i Sogndal som underviste oss. Dei delte oss inn i grupper der nokon skulle kløyve ved, nokon skulle lage ein trefot der vatnkjela kunne henge, medan andre skulle samle bjørknever og treflis. Trefoten blei laga med at me fann tre stokkar som var ca. ein halvmeter høge. Deretter brukte me tau til å lage åttetallsknutar slik at den blei stødig og kunne holde ein kjele. Når bålet var ferdig grilla me pølser og koste oss. Eg og Kjersti laga ein epleblanding der me brukte kanel, vaniljesukker, smør og epler som me putta på ei rist på bålet. Det smakte som ein blanding av syltetøy og eplekake, men smakte veldig godt.



Vinterbål
Pyramidebål




fredag 26. september 2014

Fjærlandsete


Den 15. September til den 16. September reiste eg og friluftsliv klassen min på overnattingstur til Fjærlandsete. Me møttest klokka 09.00 der kvar gruppe fekk utlevert eit telt, raudsprit til stormkjøkkenet og eit stormkjøkken. Når me hadde fått all bagasjen inn i bussen køyrte me til Mannsverk i Øvstedalen. Me var til saman fem grupper, og kvar gruppe fekk utlevert kompass og kart og hadde ansvaret for ein del av turen. Gruppe 2 hadde den første distansen og skulle få oss frå Mannsverk til Furusete. Dei var flinke til å bruke kompass og kart, og fekk oss trygt fram til Furusete der me hadde ein time pause. Me åt ein god lunsj og fekk fylle opp drikkeflaskene våre med vatn. Været var nydeleg, me hadde sol og temperaturen var stigande. 


Gruppe 5 tok over kartlesinga og skulle få oss frå Furusete og opp til Fjærlandsetevatnet der me skulle overnatte. Dei hadde stor fart, og fekk oss raskt opp der gruppe 3 skulle finne leirplass. Me hadde visse krav til kor leirplassen skulle ligge. Den måtte vere nærme vatn som me kunne drikke, det måtte vere tort og det måtte vere mest mogleg flatt terreng. Me endte opp nede ved vatnet. Det første me gjorde når me hadde funne leirplassen var å sette opp teltet før det blei mørkt. 


Etter å ha sett opp teltet gjensto det viktigaste, mat. Me hadde bestemt maten før me reiste. Nokon lagde taco, medan andre lagde kyllingfaitas. Gruppa mi ville gjere det lettast mogleg, og hadde bestemt oss får å lage tomatsuppe. Det me trengte var toro tomatsuppe, fjellvatn, makaroni og små pølsebitar. Det var ein lett, men god middag som ikkje tok alt for stor plass i sekken.



                                               

Det viktigaste når ein går på tur, er å ha med minst mogleg. Det er viktig å ha med eit godt underlag som motstår vatn, sovepose som passer årstida, godt med klede (spesielt ull), utstyr som du kan bruke til å lage mat, drikkeflaske, mat, fyrstikker dersom du vil lage bål og førstehjelpsutstyr dersom det skulle oppstå eit uhell. Det kan og vere godt å ha med ein fiskestang og noko ekstra godt å ete som TD: kvikklunsj. 


Når me hadde fått pakka ut, laga mat og tatt oppvasken fekk me ein time fritid der me kunne gjere akkurat kva me hadde lyst til. Eg og nokon andre ville fiske. Eg fekk ikkje eit einaste napp, men ei veninne av meg fekk ein fjellaure. Etter ein time gjekk me tilbake til leirplassen der lærarane våre, Torgeir og Kristina, hadde laga ein quiz med ulike spørsmål om temaet friluftsliv, kart og kompass. Etter at me var ferdige med quizen fekk kvar gruppe ein oppgåve der me skulle gøyme ein gjenstand og forklare vegen til gjenstanden ved hjelp av kart og kompass. 


Om kvelden, når mørket begynte å komme over Fjærlandsete, lagde me eit bål. Me grilla pølser, fortalde historier og gåter, og fekk ein fantastisk slutt på ein fantastisk dag. Det var ein magisk kveld. Me satt der rundt eit bål og såg opp på himmel som var så klar at ein kunne sjå stjernene. Når bålet begynte å slokne, og det ikkje var igjen meir ved, gjekk me å la oss. Det eg lærte den natta, var at ein alltid må ha med eitt ekstra par med ullsokkar. For om kvelden blei det iskaldt, og det gjaldt spesielt på føtta! Så neste gang når eg reiser på ein overnattingstur skal eg alltid ha med eit ekstra par med tjukke ullsokkar. Dagens lærepenge, var at ein skal vere forsiktig og ha respekt for ild.







Datoen er den 16. September. Eg vakna opp til å vere iskald. Eg brukte lang tid på å sovne i går, men klarte det til slutt. Etter å ha pakka ned teltet, laga frukost og rydda opp etter oss, var me klare til å gå vidare. Gruppe 3 fekk i oppgåve å føre oss til Storavatnet. Me merka med ein gang at farten på gruppa hadde gått ned, noko som lærarane syntest var positivt. Når me hadde komme opp til Storavatnet fekk me ei lita drikkepause før gruppe nummer 1 skulle føre oss vidare til Fagreiggivatnet. Når me kom opp, tok me ein times pause og åt lunsj. 

Den neste distansen frå Fagreiggivatnet til Kollsetestølen var det gruppa mi som skulle ha. I starten følte me det gjekk utruleg bra, me følgde stien og følte at me begynte å nærme oss målet. Dessverre hadde me følgt feil sti og var på veg opp til Reppanipa! Denne vetle feilen kunne ha våre unngått dersom me hadde våre flinkare til å bruke kompasset, for då hadde me merka at me var på feil kurs. Men sjølv om me gjorde ein feil, var det viktig at me ikkje ga opp, me måtte berre finne ein annan måte og komme oss ned på. Så i staden for å følgje stien, lagde me vår eigen veg ned til stølen. Me måtte gå igjennom nokon busker, men klarte og komme oss ned like heile og innanfor tidsplanen vår. Resten av vegen frå stølen følgde me ein traktorsti ned til Kollsete. Frå Kollsete tok me rutebussen tilbake til Sogndal. Det som gjekk bra med turen var at det var ein fantastisk koseleg og lærerik tur som eg kjem til å hugse. Eg har lært mykje om korleis kart og kompass kan brukast og korleis det er å overnatte ute. Eg har og lært korleis ein skal pakke sekken, og at det er viktig å ha med gode klede som held på varmen.

                                                                                                                                                                   



Her kan du sjå eit kart over kor gruppa mi gjekk